Intervju med Solfrid Raknes - Psykolog
|
Q. Solfrid Raknes du er psykolog, kan du fortelle litt om deg selv og din fagbakgrunn? A. Eg er oppvaksen på eit småbruk i Midsund, ein øykommune utanfor Molde. Psykologstudiet tok eg ved Universitetet i Tromsø, og dei første åra som psykolog arbeidde eg i Trondheim. Dei siste 8 åra har eg budd på Voss. Her bur eg med mine to gutar på 12 og 15 år. Eg har klinisk spesialitet med fordjupning i forhold til behandling av vaksne, men har dei siste tre åra arbeida mest med barn og ungdom. Kognitiv terapi er den behandlingsretninga eg brukar mest og kan mest om. |
![]() |
Q. Solfrid Raknes du er psykolog, kan du fortelle litt om deg selv og din fagbakgrunn?
A. Eg er oppvaksen på eit småbruk i Midsund, ein øykommune utanfor Molde. Psykologstudiet tok eg ved Universitetet i Tromsø, og dei første åra som psykolog arbeidde eg i Trondheim. Dei siste 8 åra har eg budd på Voss. Her bur eg med mine to gutar på 12 og 15 år. Eg har klinisk spesialitet med fordjupning i forhold til behandling av vaksne, men har dei siste tre åra arbeida mest med barn og ungdom. Kognitiv terapi er den behandlingsretninga eg brukar mest og kan mest om.
Q. Du har nå lansert Psykologisk Førstehjelp (PF) for barn og ungdom – kan du fortelle hva dette går ut på?
A. Psykologisk Førstehjelp er skrin som er laga for å hjelpe å lage barn og ungdom til å tenkje meir smart og handle meir lurt i vanskelege situasjonar. Vi har laga eit barneskrin, det passar best for barn mellom 8 - 12 år. Ungdomsskrinet passar best for ungdom mellom 12 - 18 år. I skrina finn ein ei bok med korte tekstar og fine, morsomme illustrasjonar, ein raud og ein grøn figur og eit hefte med "hjelpehender". Skrina kan brukast saman med andre barn, ungdom eller vaksne, eller ein kan bruke dei åleine. Skrina kan vere nyttige for å førebyggje psykiske helsevanskar, og kan også vere til hjelp for å redusere eller bli kvitt vanskar ein allereie har.
Q. Når var det tanken om dette prosjektet ”dukket opp”?
A. Då eg hjalp ungdommar som skulle ut i verda utan familien for første gong med å førebu seg til turen, såg eg at det skal så lite til for å gjere ungdom meir kompetente for å meistre vanskar. Då dei dei lærte basisprinsippa i kognitiv terapi og brukte desse til å tenkje gjennom vanskar dei kanskje kunne kome til å møte på turen, opplevde både eg og ungdommane at dei var betre førebudde. Når litt "tavleundervisning" kan gjere at ein får mindre kjensletrøbbel, tenkte eg at då bør vi lage noko barn og ungdom kan lese og sjå på, som enkelt forklarer grunnprinsippa i kognitiv terapi. Det var starten på at Psykologisk Førstehjelp.
Q. Hva er visjonen din med dette prosjektet?
A. Å spre kunnskap som gjer at folk får det betre i sine liv, det er stort. Om Psykologisk Førstehjelp kan bidra til at mange barn og unge får det betre, er jo det faktisk heilt fantastisk!
Q. I PF så innfører du begrepene røde og grønne tanker – kan du fortelle litt om forskjellen og tankene bak dette valget?
A. I kognitiv terapi har vi omgrepa "negative automatiske tankar" og "alternative tankar" frå Aaron Beck. I barne- og ungdomsverda innførte Paula Barret (ein australsk klinikar og forskar) omgrepa Red- and Green Thoughts, og det fekk eg kjennskap til gjennom å bruke hennar behandlingsprogram Friends. Eg opplever at det å snakke om Raudtankar og Grøntankar er noko vi får både barn, ungdom og vaksne lett med på. Begrepa er umiddelbart lett å forstå og knytte meining til. Vi er vane med å stoppe på raudt, og gå for grønt. Når vi skal lære å forhalde oss meir konstruktivt til tankane våre, er det viktig å ha ord om tankar. I barneskrinet står det "I verden finnes det mange Rødtanker. Rødtankene er akkurat som monstre: De prøver å skremme oss. Eller så prøver de å få oss til å bli mer sinte eller lei oss. De gjør det ved å få oss til å tenke dumme ting om oss selv eller andre. Når de klarer det, blir de fornøyde med seg selv. Rødtankene kan bli svært plagsomme..." Om Grøntankar står det: "Noen tanker er hjelpsomme. De gjør at vi føler oss mer glade og trygge." Å formidle at måten vi tenkjer på og kva vi gjer betyr mykje for korleis vi har det, er viktig folkeopplysning.
Q. Kan PF også brukes av voksne?
A. Som med førstehjelpsskrin for kroppslege skadar: Det er som oftast fint å få hjelp av vaksne til å ordne med sår. Og ein treng litt opplæring før ein på eigahand klarar seg godt i eit førstehjelpsskrin. Mange vaksne som har brukt skrina for å hjelpe barn og unge, har fortalt meg at dei også ha brukt prinsippa og hjelpehendene spesielt i forhold til seg sjølv. Så ja - skrina kan brukast på mange vis av vaksne.
Dette har gitt meg inspirasjon til å søkje om midlar til å lage eigne førstehjelpsskrin for vaksne. Det at skrina tilbyr korte tekstar og fine, litt morsomme illustrasjonar samt figurar som kan vere til hjelp for å få litt leiken haldning og litt avstand til eigne tankar, er noko mange vaksne truleg vil like godt. Tradisjonell sjølvhjelpslitteratur er full av ord - vi når andre folk, og kanskje fleire - om vi tilbyr materiell som er meir visuelt og leikent.
Q. Hva er styrken med PF, slik du ser det?
A. Med Psykologisk førstehjelp for barn og unge prøver vi å formidle kognitiv terapi på ein måte mange barn og unge kan like. Vi har prøvd å formidle kognitiv terapi enkelt og greitt - slik at lesaren skal forstå og kunnne prøve desse prinsippa på seg sjølv.
Q. Etter din mening hva er styrken med kognitiv terapi, framfor andre retninger innenfor psykologien?
A. Eg likar at ein innanfor kognitiv terapi har ei haldning om at forskning skal gje oss informasjon om kva behandlingsprinsipp som verkar best på kven. Og eg likar at kognitiv terapi er lett å formidle - slik at folk blir betre til å hjelpe seg sjølve. Eg tenkjer at jobben med pasientar liknar litt på jobben far min hadde då han lærte meg å fiske: Det er bra med fisk og å det å bli forsynt. Og det er veldig bra å lære å fiske sjølv, for då kan ein klare meir sjølv, og ein kan bidra meir til andre.
Q. Kombinasjonen kognitiv terapi og mindfulness (oppmerksomhetstrening) får nå mer og mer oppmerksomhet – hva er etter din mening mest spennende med denne utviklingen?
A. I tradisjonell kognitiv terapi har ein hatt fokus på tankeinnhald. Med mindfulness har ein fokus på tankeprosess. Det å bli klar over tankeprosess og ha fokus i behandlinga på dette, gjer at vi kan hjelpe fleire, og at vi ofte kan hjelpe folk raskare. Personleg har merksemdstrening gjort at eg opplever at eg kan vere meir samla om her-og-no, utan å reagere på automatikken. Dette er frigjerande! Eg opplever også at mindfulnesstrening kan hjelpe meg til å oppleve meir ro, og det har eg ofte bruk for både i jobben og elles. Å systematisk undersøke for kven og kva mindfulnesstrening er nyttig, er noko av det eg håpar det vert meir forskning kring framover, og som eg med spenning vil følgje med på.



